ALIS logo
Søk

Forskning som ALIS

Ja, du kan faktisk forska medan du er ALIS!

Forsking kan tella som anna allmennmedisinsk teneste

Spesialistforskrifta slår fast at eit utdanningsløp tar minimum 5 år, og at ein skal ha minst 2 års fulltid i open uselektert allmennpraksis. Det er også lagt opp til at ein skal ha institusjonsteneste for oppfylla ALM 055 og 085, som er tilrådd å vera minimum 6 månader.

Inntil 2,5 år kan då vera anna allmennmedisinsk teneste. Som oftast vil det vera i den kommunale helse- og omsorgstenesta, som KAD, legevakt, sjukeheim eller helsestasjon og skulehelseteneste, men forsking kan også gi tellande teneste.

Forsking må vera ein del av utdanningsløpet i kommunen

For at forsking skal gi tellande teneste, må ei forskingseining inngå i kommunens generelle utdanningsplan som ein intern eller ekstern læringsarena, og meldast inn til Helsedirektoratet slik at det er ein del av registreringa som utdanningsverksemd.

Dersom kommunen har ein avtale med forskingsinstitusjon utanfor kommunen, vil det vera ein ekstern læringsarena. Kommunen må inngå ein samarbeidsavtale som skildrar den eksterne læringsarenaen. Avtalen skal sei noko om kva læringsmål ein kan oppnå, kven som har ansvar for supervisjon og rettleiing, og korleis det blir lagt til rette for vurdering av oppnådde læringsmål. Det kan også vera hensiktsmessig å oppgi lengde på tenesteperioden.

Det er også eit krav at ALIS skal ha ein vesentlig del av utdanningsløpet sitt i registrert utdanningsverksemd. Minst halvparten av utdanningstida må derfor skje i kommunen, med andre ord meir enn 2,5 år.

Individuell rettleiing

ALIS skal ha individuell rettleiing med spesialist i allmennmedisin også under teneste i forsking. Dette gjeld også om ALIS har ein rettleiar i forskingsarbeidet.

Kor mykje av tenestetida kan vera forsking?

Kommunen skal vurdera kva læringsmål ein kan oppnå heilt eller delvis på dei enkelte læringsarenaene, og kan også gjera ei vurdering på kor lang tenestetid som er hensiktsmessig på læringsarenaen.

I Spesialistforskriften med kommentarer står blant anna denne kommentaren til § 2, 5. og 6. ledd om forsking:

"Lengden på et forskeropphold er ikke relevant. Det er kravene for å oppnå spesialistgodkjenning som må være oppfylt, herunder at alle læringsmålene i spesialiteten er oppnådd, at en vesentlig del av utdanningstiden skjer ved godkjente eller registrerte utdanningsvirksomheter, og at den samlede utdanningstiden er minst seks og et halvt år".

Dette medfører i praksis at LIS må ha tilstrekkelig tid ved ulike læringsarenaer til å oppnå alle læringsmåla. Dersom det er lang tenestetid ved ei forskingseining, men kun få læringsmål, risikerer LIS at det ikkje blir tilstrekkelig tid på andre læringsarenaer for å oppnå alle læringsmåla. Truleg kan ein ikkje oppnå eit stort tal allmennmedisinske læringsmål, og derfor kan det vera vanskeleg å få tellande opp mot 2,5 års tenestetid i forsking.