Kompetansenivå
Del 1 av læringsmålet: Ha kunnskap om = mellomste kunnskapsnivå
Del 2 av læringsmålet: Kjenne til = lågaste kompetansenivå
Kva handlar læringsmålet om?
Arbeidsmiljøet er avgjerande for helse og trivnad. Dette gjeld uavhengig av kvar ein jobbar; på kontor med næringsdrift eller som tilsett i kommunen.
Arbeidsmiljøloven er førande, og målet er blant anna å sikra eit helsefremmande arbeidsmiljø, og forebygga fysiske og psykiske skadar på arbeidsplassen gjennom helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid.
Yrkesskade er skade som skjer på arbeidsplassen i arbeidstida. Enkelte yrkessjukdommar kan likestillast med yrkesskade, sjå "Meir informasjon".
Som arbeidsgivar har ein plikt til å registrera eller melde til myndigheiter sjukdommar og skader som skjer på jobb. Legen har plikt til å melde frå til Arbeidstilsynet om sjukdom som legen meinar skuldast pasientens arbeidssituasjon. Slik informasjon er viktig for skade- og forebyggande arbeid på arbeidsplassen, samt for Arbeidstilsynet og andre myndigheiter si forebyggande arbeid.
Tips til samtale og refleksjon i individuell rettleiing
Kva ansvar har du som arbeidsgivar (dersom du er det)?
Korleis jobber de med helse-, miljø og sikkerheit på arbeidsstedet ditt?
Kva tiltak kan sikra eit godt psykososialt miljø?
Korleis har du det på jobb? Korleis påverkar fysisk og psykososialt miljø din trivnad og arbeidssituasjon?
Korleis opplever du egen tryggleik på vakt?
Korleis kan du setta grenser for deg sjølv, slik at du ivaretar eiga helse og unngår til dømes utbrentheit? Me tilrår kjennskap til støttekollegaordninga og tilbod som Villa Sana og Trasoppklinikken.
Korleis er det å vera pasient sjølv? Korleis er det å vera lege for ein lege?
Kva kjenneteiknar kulturen på arbeidsplassen din?
Kva kan du gjera for å bidra til ein god kultur og sikra eit godt psykososialt miljø for både legar og andre kollegaer?
Legen må ta stilling til eigen og medarbeidarar sin tryggleik i det daglege arbeidet. Skal det vera med nokon ekstra inn i rommet, skal døra vera open? Kor er arbeidspulten plassert? Alarmknapp? Når skal politiassistanse vurderast, til dømes på legevakt?
Finst det retningslinjer for korleis ein handterer til dømes vald og truslar på arbeidsplassen, eller stikkskader?
Reflekter rundt omgrepa yrkesskade og yrkessjukdom, og definisjonar på desse.
Kva er arbeidsrelatert sjukdom? Kva skal meldast, og kven skal melda?
Dei sju legerollane
Hvilke legerollar berører dette læringsmålet? Kva rolle opplever du mest utfordrande, og kvifor?
Ressursar
Først publisert: 30.09.2024 Sist oppdatert: 03.07.2025