ALIS logo
Søk

ALM 074

Selvstendig kunne oppdage og agere på symptomer som tilsier behov for endret behandlingsplan som medikamentjustering, henvisning videre eller innleggelse

Temaområde: Medisinsk kompetanse (ALM 056-085)

Tilbake til oversikt

Kva handlar læringsmålet om?

Ein allmennlege følgjer pasientar over tid, og set i verk og justerer tiltak etter behov. Dette krev både medisinsk kompetanse, kjennskap til pasienten og kunnskap om helsetilbodet lokalt. Legen må ha ein plan for oppfølging. Dette kan innebera tiltak som å setja opp ny legetime, avtale om rekontakt ved endring av gitte symptom, eller eventuelt innlegging i sjukehus. For å fanga opp behov for justering av behandlingsplan må legen bruka medisinsk kunnskap og ha ein tydeleg og konkret kommunikasjon med pasient og eventuelt pårørande, heimesjukepleie eller andre.

Tips til samtale og refleksjon i individuell rettleiing

Kva er ein behandlingsplan eller plan for oppfølging? I kva situasjonar er det viktig å ha ein tydeleg plan?

Kva faktorar tek du omsyn til når du vurderer om ein pasient treng tettare oppfølging eller endring i behandling? Korleis følgjer du systematisk opp når du har laga ein behandlingsplan? Ta utgongspunkt i eigen praksis.

Korleis sikrar du at pasienten forstår og er motivert for oppfølgingsplanen du legg opp?

Ta utgongspunkt i ein pasient som ikkje snakkar norsk og treng tolk. Korleis sikrar du at pasienten forstår behandlingsplanen og er motivert? Kva strategiar nyttar du for å kommunisera tydeleg med pasient og eventuelle pårørande om vidare plan?

Korleis tek du i bruk lokale helsetenester som heimesjukepleie, fysioterapi eller andre for å optimalisera pasientoppfølginga?

Gje eit døme på ein situasjon der du måtte justera ein oppfølgingsplan basert på endra symptom eller pasientbehov.

Korleis har du handtert pasientar som ikkje møter til avtalar eller ikkje følgjer opp tilrådingar du har gitt?

Dei sju legerollene
Kva legeroller er relevante for dette læringsmålet? Kva rolle opplever du mest utfordrande, og kvifor?

Ressurser