Kompetansenivå
Kjenne til = lågaste kompetansenivå
Selvstendig kunne = høgaste ferdigheitsnivå
Kva handlar læringsmålet om?
Mennesket sin risiko for sjukdom og evne til å meistra ulike livssituasjonar blir påverka av mange faktorar. Sosial ulikskap, levekår og hendingar i livet påverkar helsa på godt og vondt. Ved å følgja pasienten over tid får allmennlegen eit unikt høve til å bli kjent med pasienten og korleis ho møter utfordringar. Ei heilskapleg årsakstenking er grunnleggjande for å få til persontilpassa allmennmedisin.
Legen bør være merksam på at ein ikkje alltid kjenner alle faktorar som påverkar pasienten og må derfor ikkje trekka forhasta slutningar. Livsstil som ikkje er føremålstenleg kan i ein del samanhengar vera strategiar for å meistra stress. Gjennom respektfull, open og spørjande tilnærming kan legen få innblikk i oppvekstvilkår, familieforhold, utdanning, arbeidssituasjon, sosioøkonomisk situasjon og verdival.
Ei heilskapleg forståing gjer det lettare å møta pasienten på hennar premissar og dermed gi gi høve til å kunna hjelpa pasienten med å oppnå betre helse.
Tips til samtale og refleksjon i individuell rettleiing
Kva faktorar hjå pasienten kan påverka risiko for sjukdom?
Kva faktorar hjå pasienten kan påverka meistringsevna?
Korleis kan arbeidserfaring verka inn på sjukdom og meistringsevne?
Korleis kan du tilpassa informasjon, oppfølging og behandling ut frå den kunnskapen du har om den enkelte pasient?
Korleis kan du som lege bruka kunnskapen du har om pasienten til å hjelpa pasienten med å forstå og meistre sin eigen situasjon?
Kva utfordringar er det der du jobbar av sosial, kulturell eller arbeidsmessig art?
Kva eksempel har du fra eige arbeid der det har vore nyttig å kjenna til pasienten sin bakgrunn og livssituasjon?