Kompetansenivå
Selvstendig kunne = høgaste ferdigheitsnivå
Kva handlar læringsmålet om?
Kunnskap om lokalsamfunn er viktig for meir enn møtet med enkeltpasientar. Ulike sosiale kulturar, etniske grupper, urbefolkning, geografi, vêr, infrastruktur, næringsvegar, demografi og historie påverkar lokalsamfunnet på ulike måtar.
Lokalkunnskap har stor betydning for korleis ein fastlegepraksis og andre kliniske allmennmedisinske verksemder blir utforma med tanke på tilgjengelegheit, prioritering og tenestetilbod.
Allmennlegen bør vera merksam på korleis ein tileignar seg kunnskap om lokalsamfunnet. Dette kan skje gjennom legearbeidet, men også gjennom å bu i samfunnet. Ein allmennlege som ikkje bur der vedkommande jobbar bør bli kjent med lokalsamfunnet på andre måtar.
Tips til samtale og refleksjon i individuell rettleiing
Kvifor er det viktig å ha kunnskap om lokalsamfunnet i møte med den enkelte pasient?
Er det spesielle utfordringar, i så fall kva og kvifor?
Korleis påverkar geografi og infrastruktur arbeidet ditt og avgjerslene du tar? For eksempel avstand til lokalsjukehus og til lege.
Korleis er tenestetilbodet i kommunen der du jobbar?