Allmennlegen skal kunna hjelpa pasienten til å ta gode beslutningar om eiga helse ved å gi informasjon og rettleiing. Rettleiinga skal tilpassast pasientens forutsetnader og helseutfordringar. For å gjennomføra endringar i levevanar og følgja opp behandling, er det avgjerande at pasienten forstår at det finst ulike val. Dersom pasienten opplever autonomi og meistring vil det kunna medføra at oppfølging og behandlingsresultat blir betre.
Allmennlegen må ha ei open og lyttande tilnærming til pasienten og forsøka å forstå kva pasienten tenker, og avdekka eventuelle hindringar. Livsstilsendringar kan vera krevjande og tek tid. Verktøy som motiverande intervju og kognitiv tilnærming kan vera til hjelp i denne prosessen.
Tips til samtale og refleksjon i individuell rettleiing
Kvifor er pasienten si oppleving av autonomi og meistring viktig for behandlingsresultatet?
Korleis kan du ta opp problemstillingar med pasientar der du er usikker på om pasienten veit om problemstillingane, eller om ho vil gjera noko med dei?
Korleis kan eigne haldningar og eventuelle fordommar påverka korleis du tar opp problemstillingar med pasienten?
Kva gjer du når pasienten ikkje ynskjer å endra levevanar og følgja opp behandling?
Hvilke teknikkar kan du benytte for å motivera pasienten for endring av levevanar eller oppstart av behandling?
Korleis får du fram kva som er pasienten sine tankar, ynskje og ressursar?
Ta utgongspunkt i kasuistikkar frå din eigen kliniske kvardag:
- Kva kan du gjera for å støtta pasienten din med å gjennomføra konkrete endringar i levevanar?
Dei sju legerollene
Hvilke legeroller berører dette læringsmålet? Kva rolle opplever du mest utfordrande, og kvifor?
Ressursar
Først publisert: 10.03.2025 Sist oppdatert: 04.04.2025