ALIS logo
Søk

ALM 031

Selvstendig kunne yte adekvate primærhelsetjenester til pasientpopulasjonen gjennom hele livsløpet

Temaområde: Allmennmedisinsk metode (ALM 020-041)

Tilbake til oversikt

Kva handlar læringsmålet om?

Allmennlegen møter menneske i alle aldrar og i ulike livssituasjonar på ulike arenaer. Legen må ha kompetanse i behandling og oppfølging av pasientar frå svangerskap til livets siste fase.

Primærhelsetenesta har eit stort ansvar for pasientar som er alvorleg sjuke med krevjande behandling og komplekse sjukdomstilstandar. For å yta adekvate primærhelsetenester gjennom heile livsløpet, må legen også ha god kjennskap til lokale tilbod og kunna samarbeida med relevante aktørar.

Tips til samtale og refleksjon i individuell rettleiing

Kva legg du i omgrepet adekvate primærhelsetenester? Korleis kan du som lege bidra til at pasientar får dette?

Kva kjenneteiknar ulike pasientpopulasjonar som born, ungdom, innsette i fengsel, eldre og personar i siste fase av livet?

Kva kjenneteiknar din pasientpopulasjon?

Kva tilbod finst det for ulike pasientgrupper i kommunen eller regionen du jobbar i? Kven kan du konferera med ved krevjande problemstillingar?

Korleis sikrar du at du får brei nok kompetanse og erfaring til å yta adekvate primærhelsetenester til dei ulike pasientpopulasjonane?

Korleis organiserer du praksisen din og arbeidsdagen slik at du kan ivareta pasientar med ulike behov?

Dei sju legerollene

Kva legeroller er relevante for dette læringsmålet? Kva rolle opplever du mest utfordrande, og kvifor?

Ressursar