ALIS logo
Søk

ALM 030

Selvstendig kunne bidra til økt mestring hos pasienten og til lindring av pasientens plager

Temaområde: Allmennmedisinsk metode (ALM 020-041)

Tilbake til oversikt

Kva handlar læringsmålet om?

Allmennlegen møter problemstillingar som spenner frå hjelp til å meistra utfordringar i livet, til lindrande behandling ved alvorleg eller dødeleg sjukdom.

Legegjerninga inneber å behandla sjukdom, men også å lindra og trøsta, sjå Etiske regler for leger, § 1. Allmennlegen skal møta pasienten med fagkunnskap, men også individkunnskap, og har eit unikt høve til å bli kjent med pasienten og ressursane hen har. Pasienten kjem til legen ikkje berre med sjukdom, men også plager og livsutfordringar med ulik grad av alvor. Hen kan få hjelp til å bli medviten på kva som gir livskvalitet, og på korleis bruka eigne ressursar til meistring. Meistring og lindring av pasientens plager kan også innebera praktiske tiltak.

Tips til samtale og refleksjon i individuell rettleiing

Kva legg du i ordet meistring?

Kva legg du i ordet lindring?

Korleis kan du som lege bidra til pasientens meistring? Praktisk? Mentalt? Kva kognitive teknikkar kjenner du til?

Korleis finn du ut av kva som gir livskvalitet for den enkelte pasient?

Reflekter rundt etiske reglar for legar om at «Legen skal helbrede, lindre og trøste», Etiske regler for leger, § 1

Kva skal til for at du skal kunna vera fastlege for pasientar som vel å dø heime? Korleis kan du tilrettelegga for dette i din praksis?

Kva bør ein allmennlege kunna om lindring ved alvorleg sjukdom?

Korleis behandlar du symptom som smerter, kvalme, forstoppelse, angst og så bortetter?

Kva kjenneteiknar ein terminal pasient?

Dei sju legerollene

Kva legeroller er relevante for dette læringsmålet? Kva rolle opplever du mest utfordrande, og kvifor?

Ressursar