Kompetansenivå
Selvstendig kunne = høgaste ferdigheitsnivå
Kva handlar læringsmålet om?
Det er stor breidde i tverrfagleg medisinsk arbeid i allmennmedisin, frå akuttmedisin til ansvarsgruppemøte og møte med NAV. Arbeidet kan føregå både med og utan pasient til stades. I mange situasjonar vil det vera naturleg at allmennlegen har ein leiarrolle, men i andre situasjonar er legen ein deltakar og medisinskfagleg rådgivar. Allmennlegen må tora å ta leiinga slik at pasientens behov og ynskje kjem fram, samtidig som ein synleggjer tilgjengelege ressursar og kva som er realistisk. Å kunna stå trygt i eigne medisinske vurderingar er spesielt viktig i situasjonar der det ikkje er semje om avgjerdsler.
I tillegg har allmennlegen ofte ei leiarrolle i det tverrfaglege arbeidet på arbeidsstaden, med ansvar for fagutvikling, kvalitetsforbetring, prosedyrar og delegering.
Tips til samtale og refleksjon i individuell rettleiing
I kva slags situasjonar har du leia tverrfagleg medisinsk arbeid?
Reflekter over i kva situasjonar det er ein fordel at du ikkje leiar tverrfagleg samarbeid, men er ein rådgivar.
I kva slags akuttmedisinske situasjonar har du leia medisinsk arbeid?
Kva erfaringar har du med å leia til dømes ansvarsgruppemøte? Er det fordelar ved at du som lege leiar møta?
Korleis opplever du at det å kjenna pasienten over tid er til hjelp ved tverrfagleg samarbeid?
Hjå pasientar med komplekse medisinske behov vil allmennlegen ofte ha ei koordinerande rolle, korleis handterer du dette?
Dei sju legeroller
Kva legeroller er relevante for dette læringsmålet? Kva rolle opplever du mest utfordrande, og kvifor?
Ressursar
Først publisert: 02.06.2025 Sist oppdatert: 03.07.2025