ALIS logo
Søk

ALM 085

Ha dybdekompetanse i utredning, behandling og oppfølging av en eller flere selekterte pasientpopulasjoner

Temaområde: Medisinsk kompetanse (ALM 056-085)

Tilbake til oversikt

Kompetansenivå

Ha dybdekompetanse = vurdert til å vera høgaste ferdigheitsnivå

Kva handlar læringsmålet om?

Djupnekompetanse refererer til ei djupare og meir spesialisert forståing innan eit fagområde. Allmennlegen har breiddekompetanse, men det er også nyttig å ha djupare kompetanse på eitt eller fleire felt, både med tanke på fagleg kompetanse og tryggleik i rolla som samarbeidspartnar.

Ein selektert pasientpopulasjon er ei spesifikk gruppe pasientar som deler kjenneteikn som diagnosegrupper, alder eller behandlingsbehov. Arbeid med ein slik pasientpopulasjon vil ofte trenga ei anna tilnærming til symptom og utgreiing enn i ein uselektert pasientpopulasjon.

ALM 055 og ALM 085 er læringsmåla for institusjonsteneste.

Tips til samtale og refleksjon i individuell rettleiing

Kvifor kan det vere nyttig for ein allmennlege å utvikla djupnekompetanse innan eitt eller fleire fagområde?

Kva kjenneteiknar ein selektert pasientpopulasjon, og korleis skil denne seg frå ein uselektert pasientpopulasjon?

På kva måte kan tilnærminga til symptom og utgreiing vera annleis i ein selektert pasientpopulasjon samanlikna med ein uselektert?

Gje døme på ulike typar selekterte pasientpopulasjonar som ein allmennlege kan ha nytte av å ha erfaring med.

Dersom du har gjennomført institusjonsteneste:

  • Korleis har tenesta vore nyttig for arbeidet ditt som allmennlege?
  • Korleis har ditt perspektiv som allmennlege endra seg?

Dersom du ikkje har gjennomført institusjonsteneste:

  • Kva type teneste ynskjer du deg, og kvifor?

Dei sju legeroller
Kva legeroller er relevante for dette læringsmålet? Kva rolle opplever du mest utfordrande, og kvifor?

Ressurser